mini|Juletrelys mini|Julegåver. mini|Julenisse og elektriske julelys i Japan.

Jul eller jol er ei høgtid feira over store delar av verda, særleg i kulturelt kristne samfunn, men òg fleire andre stader. Innan kristendommen er ho feira som ein fødselsdag for Jesus, men jula har røter og trekk frå fleire andre religionar og kulturar. Høgtida finn stad rundt vintersolkverv på den nordlege halvkula og har opphav i heidenske midtvinterfestar. Ho er òg nærverande i media og utsalsstader, gjerne i god tid før julehelga i slutten av desember eller byrjinga av januar.

Typiske element i julefeiringar over heile verda er levande lys, festleg lag, familiesamlingar, mektig tradisjonsmat, gjeving av og beding om gåver og almisser, symbol som raudt og grønt, nissar, englar, stjerner og julekrybber, og ei rekke ulike tradisjonar som varierer frå land til land. I Noreg blir jula feira med julemat, levande lys og musikk; ein gjev kvarandre gåver, dei fleste pyntar med juletre, og det er vanleg å halde julebord i forkant av julekvelden og juletrefest i romjula. Særkristne element som adventslysestake, lesing av juleevangeliet og kyrkjegang julaftan er også svært vanleg i Noreg, også dei som ikkje er praktiserande kristne elles.

Opphav Jula slik ho blir feira i Noreg og elles i Norden i dag, er ei synkretistisk høgtid som hovudsakleg inkluderer trekk frå den kristne kristmessa, den romerske saturnalia-festen og den norrøne jula — i tillegg til enkelte trekk frå mellom anna den jødiske lysfesten hanukká.

Midtvinter i åsatrua

Juleblot I Skandinavia har ein drukke jol i uminnelege tider. I norrøn tid samla ein seg til ein midtvintersfest som vara i om lag tre dagar. Her skulle ein blota til gudane, drikke øl og leva godt. Det er uklårt nøyaktig kva ein feira under juleblotet. Det kan ha vore eit blot for god grøde, for dei daude, eller ein sol- eller lysfest som motsvar til den mørke vinteren.

Juletida var prega av kontrasten mellom fest og uhygge. Medan ein drakk jol og koste seg, måtte ein samstundes passe seg for dei mørke kreftene som var lause. Åsgardsreia, eller berre Reia, var inntil nyare tid namnet på eit skremmande følgje av trollpakk og ugjerningsmenn som drog i kring og skremde folk og dyr. Det er uklårt om denne skikken går attende til førkristen tid eller om det er ein omforma eller nyskapt skikk i tidleg kristen tid. I kristen tid var det elles særleg lussinatta 13. desember ein skulle akte seg for slike. mini|høgre|Julebukk frå Uppland i Sverige.

Julebukk Geitebukken er eit gammalt julesymbol som ein i dag finn igjen i skikken med å gå julebukk og å pynta med halmbukkar. Dei ulike skikkane byggjer truleg på Torsdyrking, dels ved å slakta ein geitebukk til jul for å få eit godt nytt år, dels ved å spela ulike julespel, til dømes eit spel der einkvan utstyrt med bukkehovud og -pels og døydde og kom til liv igjen.

Vidare utvikling Då Noreg vart kristna, vart det lagt vekt på å halde på gamle tradisjonar. Julefeiringa heldt fram under same namnet, men med nytt innhald. Ein erstatta midtvintersblotet med feiringa av fødselen til Kvitekrist. Der ein tidlegare hadde laga øl og blota til dei norrøne gudane, vart ein no pålagd å bryggje øl og signe det i Jesus og Jomfru Maria sitt namn. Julebukken blei endra til ein skapning som truga i førjulstida og kunne dukka opp i festar.

Mange av dagens juleskikkar har utvikla seg frå den gamle jola. Mellom anna kan det å setja ut graut til nissen i vår tid ha komme frå ofringa til forfedrane i gravhaugen på garden. Skikken med å vitje familiegraver julaftan har parallellar i denne eldgamle feiringa.

Romerske midtvintersfestar mini|venstre|Kristen mosaikk frå 200-talet der Jesus Kristus er framstilt som ein solgud.

Romarane feira den livlege saturnaliahøgtida, til ære for Saturn, ved å gje kvarandre gåver, og ved å eta og drikke godt og mykje. At den kristne julefeiringa vart lagd til rundt same tida som saturnaliafeiringa, hjelpte kanskje den nye religionen til å spreie seg, og har nok òg gjort sitt til å påverke innhaldet av julefeiringa, med festing og å gje gåver.

Romarar feira òg dies natalis Solis invicti, 'dagen for fødselen til den uovervinnelege solguden', ved vintersolkverv, som i den julianske kalenderen fall på 25. desember. Tidlege kristne samanlikna gjerne gjenfødinga av sola med fødselen til den lysande frelsaren Jesus.

Jødiske element mini|Elektrisk lysestake med sju lys er blitt svært vanleg å pynta med i advent.

I jødedommen er det skikk å tenne eit stadig aukande tal levande lys i ein spesiell åttearma lysestake under høgtida hanukká, som alltid fell innanfor den kristne adventstida eller jula. I høgmellomalderen var det særleg mykje samkvem mellom jødar og kristne i området kring Rhinen i det sørvestlege Tyskland, og mange jødiske kulturelle trekk vart tekne opp i lokal kristendom. Dette er truleg opphavet til den firearma adventslysestaken der ein tenner eit aukande tal lys på dei fire søndagane føre juledagen.

Den sjuarma lysestaken, som ligg noko nærmare den jødiske hanukkijáen i form, har vore mykje bruka i samband med advent og jul i Tyskland — og denne lysestaken kom truleg til Skandinavia som eit kulturelt lån derifrå på 1800-talet. I dag er sjuarma elektriske lysestakar vanleg vindaugspryd i dei fleste hus i Noreg og Sverige og på Island gjennom heile desember.

mini|Frå ei katolsk midnattsmesse i Betlehem natt til juledagen. mini|Julekrybbe frå Peru. Kristmessa i kristendommen Kva ein feirar i samband med fødselen til Jesus, og kva tid ein feirar det, varierer mellom ulike kristne tradisjonar.

Det er usikkert kva tid fødselen blei sett i samband med midtvinteren, for det er lite i testamenta som tyder på at Jesus blei fødd midtvinters. I Lukasevangeliet er hyrdane ute på markene om natta og vaktar over sauane, noko som tyder på at fødselen fann stad under lemminga om våren. I dei første kristne kykjelydane feira dei ikkje Jesu fødsel; feiringa var knytt til dagen for Jesu oppstode. Dei første historiske kjeldene som nemner ei feiring av fødselen til Jesus i desember kjem frå midten av 300-talet. Ein kan ha vald datoen 25. desember fordi han ligg ni månader etter Maria bodskapsdag 25. mars, då Gud skal ha blitt kroppsleggjort som Jesus. Fleire andre hendingar er tradisjonelt knytte til denne datoen, viktigast er krossfestinga av Jesus, og det var ei vanleg oppfatting at han blei kroppsleggjort og døydde same dagen.Catholic Encyclopedia I Roma fall fødselsfesten då saman men Saturnaliafesten, ei høgtid det høvde å kombinere med julebodskapen.

Andre tidlege kristne feira hovudsakleg dei tre vise menn som kom med rike gåver til den nyleg fødde fredsfyrsten. Datoen for dette vart sett til 6. januar, som òg blei sett i samband med dåpen av Jesus tretti år seinare. Fødselsfeiringa på juledagen var mindre viktig, og fekk ein eigen liturgi først på 800-talet.

I løpet av mellomalderen blei sjølve fødselsdagen til jesusbarnet viktigare. Dei førti dagane fram til juledagen, som byrja med mortensmesse, blei ei fastetid, medan juletida i kyrkjeåret tok til med juledagen og varte i dei førti dagane fram til kyndelsmesse. Juleevangeliet fekk no ein sentral rolle. Det blei vanleg å framføra det som eit spel eller framstilla det i ei julekrybbe, skikkar som har halde seg til våre dagar. Songar som gjenfortalde historia eller prisa fødselen blei skrivne og framførte.

Opp mot vår tid er det utvikla ei rekke skikkar med symbolsk kristeleg innhald, med eller utan anna opphav, til dømes juletre, adventskalender, adventskrans og adventsstjerne.

Tradisjonen med å gå i kyrkja julaftan har halde seg ved lag også mot slutten av 1900-talet, då kristen utøving gjekk ned i Noreg. I 2005 gjekk til dømes 591 690, rundt 1/8, til gudsteneste denne dagen.Kristin Straumsheim Grønli: «Til gudstjeneste 6,7 millioner ganger» på forskning.no

Julefeiring Jul blir førebudd og feira over ein periode som varierer mellom ulike stader. Kva tid ein gjer kva følgjer ofte strenge tradisjonar, på same måte som mange delar av feiringa er svært tradisjonsbunden. Samstundes kjem det stadig til nye skikkar som stadig endrar julefeiringa.

Dei fleste land feirar jul rundt den 25. desember, men nokre stader er Nikolasdagen den 6. desember viktigare, andre stader legg ein vekt på feiringa av heilagetrekongardagen den 6. januar. I følgje den julianske kalenderen, som blir følgd av nokre ortodokse kyrkjer, svarar 25. desember til 7. januar i den gregorianske.

Førjulstid mini|Julemarknad i Nürnberg på 1800-talet.

Førebuingane til jul tek til i god tid før sjølve feiringa. Julestrida er eit omgrep som viser til grundig husvask og tilreiing av mat, gjennom til dømes julebakst og tidlegare juleslakting, til høgtida. I moderne tid er laging eller innkjøp av julegåver og sending av julekort blitt ein arbeidskrevjande og til tider stressande del av førjulstida.

Tradisjonelt byrjar den norske førjulstida den 1. desember eller første søndagen i advent, men handelsstanden kan finna fram pynt og julevarer mange veker i førevegen.

Advent Advent er byrjinga på kyrkjeåret og markerer ventetida på fødselsdagen til Jesus og juledagen der ein feirar at han kom til jorda. Medan advent tek i til den fjerde sundagen før jul i vestlege kyrkjer, varer han i heile førti dagar i den ortodokse kyrkja. I kyrkjer med liturgiske fargar er lilla den vanlegaste fargen, men blått og rosa blir òg noko brukt.

I dei katolske og ortodokse kyrkjene inneber adventstida ein fasteperiode, som eit motsvar til fastetida før påske. Tida kan òg markerast med tenning av adventslys heime og i kyrkja, både med levande lys i adventskransar og elektrisk lyspynt som adventsstjerner, juletrelys og adventslysestakar. Ein utfører mange handlingar som kan medverka til å bygga opp forventing, som å ha julekalender, gradvis laga ei julekrybbe eller tenna eitt nytt adventslys kvar sundag.

Pikkujoulu I Finland feirar ein pikkujoulu eller lillajul laurdagen før advent tek til. Dette er ei «lita» julefeiring med eit lite juletre og enkle gåver til dei minste, som ein forsmak på julaftan.

Sinterklaas mini|Sinterklaas og Zwarte Piet i Nederland. 5. og 6. desember er ei gåvehøgtid til minne om den gåvmilde biskopen Nikolas av Myra, feira særleg i Nederland og Belgia, men også i andre tysk- eller fransktalande område eller land, og dessutan nokre austeuropeiske land. I samband med denne feiringa deler ein tenkt eller utkledd Nikolas gåver, anten kvelden før eller om morgonen den 6. desember. «Biskopen» kjem til landet med båt kvart år ein gong i november til stor mediedekking. I tida fram mot nikolasdagen kan ungar finna godteri i skorne sine om dei stiller dei opp ein spesiell stad med fôr til hesten hans oppi.

Día de las Velitas 7. desember er Día de las Velitas, 'levande lys-dagen', i Colombia til ære for den syndefrie unnfanginga til jomfru Maria. Denne kvelden tenner ein stearinlys og lanterner overalt, medan dagen etterpå er ein offentleg høgtidsdag. Lysdagen er til minne om dogmaerklæring om den syndefria unnfanginga gjort av pave Pius IX i 1854.

Lucia Luciadagen blir feira den 13. desember og er i dag særleg viktig i Sverige. Dagen blir markert med luciasong, barn kledde i kvitt, gjerne pynta med luciakroner eller glitter, og berande på levande lys og lussekattar. Han har røter både i den katolske dyrkinga av den heilage Lucia og i norrøn feiring av vintersolkvervet. Samstundes er han ein nokså ny tradisjon; han blei først gjenoppliva i Sverige heilt mot slutten av 1800-talet, og spreidde seg til resten av Skandinavia rundt 1950-talet.

Las Posadas