Johan Ludwig Mowinckel () var skipsreiar og ein leiande politikar i Noreg. Han hadde fleire ministerpostar, og leidde tre regjeringar. Som politikar representerte han partiet Venstre.
Liv Johan Ludwig Mowinckel var fødd i Bergen. Han studerte språk og handel i Tyskland, England og Frankrike. I 1898 kjøpte han sitt fyrste skip og starta eit stort shipping-selskap, J. Ludwig Mowinckels Rederi, med hovudkvarter i Bergen. Mowinckel vart leiar for Bergens Venstreforening og vald til bystyret i 1899.
Politikk Mowinckel var statsminister i Noreg i tre periodar: frå 1924 til 1926, frå 1928 til 1931 og frå 1933 til 1935. Frå 1927 var han òg formann i Norges Venstrelag. Han var handelsminister (1921-1922), utanriksminister (1922-1923) og stortingspresident (1916-1918).
Ettersom Mowinckel ikkje var medlem av den norske statskyrkja, kunne han ikkje bli regjeringsmedlem ifølgje grunnlova. Den såkalla «Lex Mowinckel» av 15. mai 1919 endra dette.
Andre verv Johan Ludwig Mowinckel var medlem av Den Norske Nobelkomiteen frå 1925 til 1936.
Frå 1942 fekk han ei leiande stilling ved Nortraship og reiste til New York, der han døydde året etter.
Sjå òg Norske regjeringar Norske statsministrar Lengst sitjande norske statsministrar Mowinckelkysten på Bouvetøya, som han har fått kalla opp etter seg.
Bakgrunnsstoff Johan Ludwig Mowinckel ved regjeringa.no
Kategori:Norske statsministrar Kategori:Regjeringa Mowinckel I Kategori:Regjeringa Mowinckel II Kategori:Regjeringa Mowinckel III Kategori:Norske utanriksministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Blehr II Kategori:Venstrestatsrådar Kategori:Stortingspresidentar Kategori:Stortingsrepresentantar for Bergen Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Medlemmar og varamedlemmar i Nobelkomiteen Kategori:Leiarar for Venstre Kategori:Ordførarar i Bergen Kategori:Folk frå Bergen