Hans Andreas Limi () er ein norsk politikar for Framstegspartiet. Han er medlem av Bærum kommunestyre frå 2011, leiar i Akershus Framstegsparti frå 2012 og vart vald inn på Stortinget frå Akershus hausten 2013.

Karriere Han har vore medlem av Framstegspartiet sidan 1979. Han var generalsekretær i Framstegspartiets Ungdom 1984–1986, kontorsjef i Framstegspartiet 1986–1988 og deretter generalsekretær i partiet 1988–1994. Limi var medlem av Skien bystyre og formannskap 1984–1987. Han var medlem av Oslo bystyre frå 1988, men fekk permisjon frå vervet i 1989. Han overtok som finansbyråd i Oslo etter Sverre Frich jr. i april 1991 og sat ut året. Limi har også sete i Kringkastingsrådet.

Etter eksamen ved Telemark Handelsgymnas i 1979 studerte han bedriftsøkonomi ved Bedriftsøkonomisk Institutt. Limi trekte seg frå stillinga som generalsekretær i Framstegspartiet i mai 1994, og gjekk over i stillinga som eigedomssjef i Olav Thon-gruppen. Han har sidan vore utviklingsdirektør i Steen & Strøm AS, etableringsdirektør i ICA Norge AS og dagleg leiar i eige konsulentselskap.

Sidan 1984 har han vore gift med partikollegaen Vibeke Limi.

Stortingskomitear 2013–2017 medlem i FinanskomiteenStortinget. Biografi.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hans Andreas Limi» frå , den 27. oktober 2013.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Byrådar i Oslo Kategori:Norske forretningsfolk Kategori:Folk frå Skien