Naum Gabo, eigentleg Naum Abramovitsj Pevsner, () var ein russisk bilethoggar, fødd i Brjansk. Han var også aktiv som målar, arkitekt og designar.
Liv og gjerning mini|venstre|Gabo sin konstruktivistiske skuptur i Rotterdam
Gabo utdanna seg fyrst til ingeniør i München. Sidan byrja han med kunst, laga abstrakte konstruksjonar. Frå 1914 budde han i den norske hovudstaden, der han i trematerial laga det kubistisk-inspirerte verket Byste i 1915. I 1917 reiste han og broren Antoine Pevsner til heimlandet Russland og busette seg i Moskva. I den russiske, snart sovjetiske, hovudstaden vart Gabo kjend med dei heimlege, nasjonale avantgardistane; leiande kunstnarar som Kasimir Malevitsj og Vladimir Tatlin.
I 1920 publiserte dei to brørne Gabo og Pevsner Det realistiske manifestet, der dei tok avstand frå Tatlin si funksjonalisme og Aleksandr Rodtsjenko si konstruktivisme. Eitt år seinare reiste begge brørne frå Russland, då dei fann det kunstnariske klimaet lite inspirerande. Gabo budde dei neste ti åra i Berlin. Sidan heldt han fram med å forme sine konstruksjonsidéar i både glas, plast og metall; etter Berlin i Paris, sidan i England og frå 1939 i USA. Mellom hans seine verk er ein 24,4 m høg skulptur i Rotterdam, oppsett i 1957.
To av skulpturane til Gabo er utstilt i Oslo. Kvinnehode frå 1916 er ved Universitetet på Blindern, medan Sfærisk konstruksjon finst på Munchmuseet.
Gabo døydde i Waterbury i Connecticut i USA.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Naum Gabo» frå , den 17. oktober 2013.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Russiske bilethoggarar Kategori:Russiske kunstnarar Kategori:Målarar frå 1900-talet Kategori:Bilethoggarar frå 1900-talet