Oslolosen, eigentleg Kjell Aronsen, er ein fiktiv person skapt av humoristen Harald Eia. Han debuterte i TV-programmet Uti vår hage 2 på NRK1 i januar 2008. Eit klipp med Oslolosen er òg sett kring 700 000 gonger på Youtube. Oslolosen var òg frontfigur for Oslo kommune sin kjeldesorteringskampanje i 2008.Stenberg, Ola E.: «Oslolosen» skal fronte søppel-kampanje - VG Nett (10.11.2008)
Rollefiguren er ein sertifisert guide for byen Oslo. Oslo kommune har vedteke losplikt for utanbys køyretøy som entrar hovudstaden, og i den første episoden er jobben hans å guide ei gruppe menn frå Nord-Noreg som kjem til byen i buss. Aronsen snakkar (ein parodi på) Oslodialekt.
Dokketeater I januar 2013 hadde figurteaterproduksjonen Oslolosen premiere på Torshovteatret. Jo Strømgren var ansvarleg for produksjonen etter å ha sett potensialet for å utvikla Eia sin rollefigur til ei førestilling for barn.
Kjelder
Kategori:NRK Kategori:Kultur i Oslo Kategori:TV-figurar Kategori:Uti vår hage