mini|Norsk skap med løver anno 1780. 1780 (romartal MDCCLXXX) var eit skotår som byrja på ein laurdag i den gregorianske kalenderen og eit skotår som byrja på ein onsdag i den julianske kalenderen. Hendingar

Utlandet mini|Slaget ved Cape St Vincent (1780) av Francis Holman. Slaget fann stad i januar 1780 under Den amerikanske sjølvstendekrigen. Den amerikanske sjølvstendekrigen: I februar gjekk Danmark-Noreg, Sverige og Russland inn i Forbundet av væpna nøytralitet for å verna sine nøytrale skip mot gjennomsøking av den britiske marinen. 12. mai: Britiske styrkar tok Charleston i Sør-Carolina. 11. juli: Franske soldatar gjekk i land ved Newport i Rhode Island for å støtta kolonistane i krigen mot Storbritannia. 2. juni: Dei antikatolske gordonopptøyane braut ut i London. 24. august: Ludvig XVI av Frankrike avskaffa tortur for å få fram tilståingar. 10–16 oktober: Ein stor orkan herja dei karibiske øyane Barbados, Martinique og St. Eustatius. Rundt 22 000 døydde. 29. november: Josef II av Det tysk-romerske riket blei også herskar over habsburgområda Austerrike, Ungarn, Kroatia og Böhmen då mor hans Maria Teresia døydde. 16. desember: Kōkaku blei keisar av Japan. 20. desember: Utbrotet av Den fjerde engelsk-nederlandske krigen.

Jose Gabriel Kunturkanki erklærte seg Túpac Amaru II‎ og leidde peruanske bønder i opprør mot det spanske visekongadømet Peru.

Noreg Det Dramatiske Selskab blei grunnlagd i Oslo.

mini|Elizabeth Fry var fødd 21. mai 1780

Fødde

21. mai: Elizabeth Fry, engelsk reformator 1. juli: Carl von Clausewitz, prøyssisk offiser og militærteoretikar 22. juli: Engebret Olsen Moe, norsk bonde og politikar 29. august: Jean-Auguste-Dominique Ingres, fransk målar 26. oktober: Gregers Wulfsberg, norsk embetsmann 9. november: Nicolai Wergeland, norsk prest og politikar 26. desember: Mary Somerville, skotsk matematikar

mini|Erkehertuginne Maria Teresia av Austerrike døydde 29. november

Døde

14. februar: William Blackstone, engelsk jurist 18. februar: Kristijonas Donelaitis, litauisk diktar 5. juni: Marcus Schnabel, norsk prest og språkforskar 18. juli: Gerhard Schøning, norsk historikar 10. oktober: Anders Porsanger, norsk-samisk prest og språkforskar 29. november: Erkehertuginne Maria Teresia av Austerrike

nv:1751 – 1800