Harry and the Potters er eit amerikansk rockeband som er kjend for å ha funne opp og lage musikk under sjangeren trollmann-rock. Bandet har opphav i Norwood i Massachusetts i 2002 og medlemmene i bandet er brørne Joe og Paul DeGeorge. Dei opptrer som Harry Potter, hovudfiguren i bok- og filmserien Harry Potter. Bandet er kjend for detaljerte liveopptredenar, og har utvikla ein kultstatus i Harry Potter-fandommen.Rose, Lacey (13. juli 2005). "Wizard Rock". Forbes.
Sidan 2002 har Harry og Potters gjeve ut tre studioalbum, sju utvida førestillingar og eit samlealbum. Duoen starta det uavhengige plateselskapet Eskimo Laboratories, og spelte i dokumentarfilmanen We Are Wizards og Wizard Rockumentary. Dei er òg medskiparar i velgjerdsorganisasjonen The Harry Potter Alliance, og skipa Wizard Rock EP of the mounth Club.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Harry and the Potters» frå , den 11. oktober 2013. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Harry and the Potters – offisiell nettstad Eskimo Laboratories – plateselskap
Kategori:Musikkgrupper skipa i 2002 Kategori:Alternative rockegrupper