Kåre Willoch si regjering vart utnemnd den 14. oktober 1981 som ei rein Høgre- regjering. Regjeringa var då ei mindretalsregjering som var avhengig av støtte frå Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet i Stortinget. KrF ville ikkje gå med i regjeringa på grunn av haldninga si til abortlova. Det var likevel eit ynske frå mange å få til ei fleirtalsregjering, og 8. juni 1983 vart regjeringa utvida til ei koalisjonsregjering mellom Høgre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet. Etter Stortingsvalet 1985 mista desse tre partia fleirtalet sitt i Stortinget og Framstegspartiet hamna i vippeposisjon. Regjeringa heldt fram som ei mindretalsregjering fram til 8. mai 1986. Ho måtte då gå av etter eit kabinettspørsmål i Stortinget om auka bensinavgifter.

Statsminister Kåre Willoch, H (14. oktober 1981–8. mai 1986)

Utanriksminister Svenn Thorkild Stray, H (14. oktober 1981–8. mai 1986)

Statsråd i Finansdepartementet Rolf Presthus, H (14. oktober 1981–24. april 1986) Arne Skauge, H (25. april 1986–8. mai 1986)

Statsråd, Industridepartementet Jens-Halvard Bratz, H (14. oktober 1981–15. september 1983) Jan P. Syse, H (16. september 1983–3. oktober 1985) Petter Thomassen, H (4. oktober 1985–8. mai 1986)

Statsråd, Handelsdepartementet Arne Skauge, H (14. oktober 1981–7. juni 1983) Asbjørn Haugstvedt, KrF (8. juni 1983–8. mai 1986)

Statsråd, Forsvarsdepartementet Anders C. Sjaastad, H (14. oktober 1981–24. april 1986) Rolf Presthus, H (25. april 1986–8. mai 1986)

Statsråd, Fiskeridepartementet Thor Listau, H (14. oktober 1981–3. oktober 1985) Eivind Reiten , Sp (4. oktober 1985–8. mai 1986)

Statsråd, Helse- og Sosialdepartementet Leif Arne Heløe, H (14. oktober 1981–8. mai 1986)

Statsråd, Samferdsledepartementet Inger Koppernæs, H (14. oktober 1981–7. juni 1983) Johan J. Jakobsen, Sp (8. juni 1983–8. mai 1986)

Statsråd, Kommunal- og Arbeidsdepartementet Arne Rettedal, H (14. oktober 1981–8. mai 1986)

Statsråd, Olje- og Energidepartementet Vidkunn Hveding, H (14. oktober 1981–7. juni 1983) Kåre Kristiansen, KrF (8. juni 1983–8. mai 1986)

Statsråd, Justisdepartementet Mona Røkke, H (14. oktober 1981–3. oktober 1985) Wenche Frogn Sellæg, H (3. oktober 1985–8. mai 1986)

Statsråd, Familie- og Administrasjonsdepartementet Astrid Gjertsen, H (14. oktober 1981–17. april 1986) Astrid Nøklebye Heiberg, H (14. oktober 1981–8. mai 1986)

Statsråd, Landbruksdepartementet Johan C. Løken, H (14. oktober 1981–7. juni 1983) Finn T. Isaksen, Sp (8. juni 1983–3. oktober 1986) Svein Sundsbø, Sp (4. oktober 1986–8. mai 1986)

Statsråd, Miljøverndepartementet Wenche Frogn Sellæg, H (14. oktober 1981–7. juni 1983) Rakel Surlien, Sp (8. juni 1983–8. mai 1986)

Statsråd, Kyrkje- og Undervisingsdepartementet Tore Austad, H (14. oktober 1981 –7. juni 1983) Kjell Magne Bondevik, KrF (8. juni 1983–8. mai 1986)

Statsråd, Kyrkje- og Undervisingsdepartementet (kultursaker) Lars Roar Langslet, H (14. oktober 1981–31. desember 1981)

Statsråd, Kultur- og Vitskapsdepartementet Lars Roar Langslet, H (1. januar 1982–7. juni 1983)

Statsråd, konsultativ Reidun Brusletten , KrF (8. juni 1983–31. desember 1983)

Statsråd, Departementet for utviklingshjelp Reidun Brusletten , KrF (1. januar 1984–8. mai 1986)

Sjå også Norske regjeringar

Kjelder Regjeringa Willoch hos Regjeringen.no, vitja 15. januar 2010

Willoch