Hudson Bay-toktet i 1686 var ein av dei engelsk-franske konfliktane ved Hudsonbukta. Det var det første av fleire tokt sende frå Ny-Frankrike mot handelsstasjonane til Hudson's Bay Company i sørenden av Hudsonbukta. Leia av Chevalier de Troyes, klarte toktet å erobre utpostane ved Moose Factory, Rupert House, Fort Albany og kapre kompaniskipet «Craven».

Sjølv om Frankrike og England då var i fred, braut det ut krig mellom dei i 1689, og konflikten om utpostane i Hudsonbukta heldt fram. Ein av løytnantane til Troyes, Pierre Le Moyne d'Iberville, utførte fleire tokt mot eigedomane til HBC og enda med ein fransk siger i slaget ved Hudsonbukta i 1697. Mot slutten av krigen kontrollerte franskmennene alle utan om ein handelsstasjon.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hudson Bay expedition (1686)» frå , den 2. februar 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Kong Vilhelm-krigen Kategori:Engelske slag Kategori:Franske slag Kategori:Konfliktar i 1686 Kategori:Ny-Frankrike Kategori:Historia til Ontario Kategori:Historia til Manitoba Kategori:Hudson's Bay Company