Jærbladet er ei avis som har hovudkontoret sitt på Bryne i Time kommune på Jæren. Avisa kjem ut tre gonger for veka, måndag, onsdag og fredag. Avisa tek mål av seg å dekka jærkommunane Hå, Time og Klepp.
Frå starten i 1949 var Jærbladet ei avis med mykje nynorsk. Etter kvart er det òg ein del bokmål i avisa.
Jærbladet vert eigd og utgjeve av Jærbladet AS. Jærbladet AS vert igjen eigd av Amedia. Jærbladet gjekk 30. april 2004 over til tabloid format.
Opplagstal
Kjelder
Litteratur Fylling, Jostein: Avisa på Jæren : Jærbladet 50 år : 1949-1999. Bryne 1999.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Norske lokalaviser Kategori:Time kommune Kategori:Jæren Kategori:Aviser i Rogaland Kategori:Skipingar i 1949