«Royal Orleans» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin på albumet deira Presence frå 1976.

Då dei var i New Orleans under ein turne, budde gruppa på Royal Orleans Hotel, og songen vart visstnok basert på ei hending som skjedde der.Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 978-0-7119-3528-0. Soga seier at ein gong bandet var på hotellet tidleg i 1970-åra, så tok John Paul Jones med seg ei kvinne frå baren opp på rommet sitt, men han visste ikkje at ho var transvestitt. Begge røykte marihuana og sovna, transvestitt med ein tend joint i handa, som sette rommet i brann (alle klarte å rømme). Teksten inneheld linjer som «Be careful how you choose it» og «Poor whiskers set the room alight».

«Royal Orleans» er den einaste songen på albumet som er tilskriven alle fire medlemmar. Vokalist Robert Plant skreiv det meste av teksten, og nytta songen til å gjere narr av Jones, visstnok fordi Jones ein gong sa at vokalen var den minst viktige delen i bandet. Songen vart gjeven ut som B-side til singelen «Candy Store Rock». Trommeslagar John Bonham spelte bongotrommer på songen.

«Royal Orleans» vart aldri framført på konsertane til Led Zeppelin.

Medverkande Robert Plant - vokal Jimmy Page - gitarar John Paul Jones - bassgitar John Bonham - trommer

Andre versjonar 1998: Sansi Janiba's Infectious Groove (A Tribute to John Bonham) 2005: Steven Davenport (Green Magic) 2007: Frankie Banali & Friends (24/7/365: The Tribute to Led Zeppelin)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Royal Orleans» frå , den 26. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 978-0-7119-3528-0 Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 978-1-56025-818-6

Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Songar skrivne av Jimmy Page Kategori:Songar skrivne av Robert Plant Kategori:Songar skrivne av John Paul Jones Kategori:Songar skrivne av John Bonham Kategori:Songar frå 1976