6. juni er den 157. dagen i den gregorianske kalenderen (158. under skotår). Det er 208 dagar att av året.

Merkedag

Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar 100px|Det svenskeflaggetNasjonaldag i Sverige, svenska flaggans dag

Religiøs helgedag

Namnedag

Helgendag i den katolske kyrkja Norbert av Magdeburg

Hendingar

Utlandet 1523: Slutten på Kalmarunionen då Gustav Vasa blei konge av Sverige 1654: Dronning Kristina av Sverige abdiserte og konverterte i løynd til katolisismen. Fetteren hennar blei kong Karl X Gustav av Sverige. 1912: Vulkanen Novarupta i Alaska hadde eit utbrot som var rundt ti gonger så kraftig som Mount St Helens. I historisk tid har berre utbrotet på Santoríni vore kraftigare. 1944: Slaget om Normandie i den andre verdskrigen blei innleia under kodenamnet D-dagen. 1982: Israelske styrke invaderte dei sørlege delane av Libanon.

Noreg 1857: Giftarmålet mellom Sofia av Nassau og den framtidige kong Oscar II av Sverige og Noreg.

Fødde mini|Ola Borten Moe er fødd i 1976

1599: Diego Velázquez, spansk målar 1875: Thomas Mann, tysk forfattar 1901: Sukarno, den første presidenten av Indonesia 1903: Aram Khatsjaturjan, sovjet-armensk komponist 1934: Kong Albert II av Belgia 1937: Per H. Indrehus, musikar og komponist 1956: Bjørn Borg, svensk tennisspelar 1965: Erik Fosnes Hansen, norsk forfattar 1976: Ola Borten Moe, norsk politikar

Døde

1861: Camillo Cavour, italiensk statsminister 1928: Sverre Hassel, norsk polfarar 1968: Robert F. Kennedy, amerikansk politikar 1991: Stan Getz, amerikansk jazzmusikar