Miroslav Stoch () er ein slovakisk fotballspelar som har spela for Fenerbahçe i den tyrkiske toppserien og for det slovakiske landslaget.

Stoch vart seriemeister i Nederland med Twente i 2010. Han debuterte for Slovakia sitt A-landslag 10. februar 2009, som innbytar i ein kamp mot Ukraina. Han skåra det første landslagsmålet sitt 6. juni 2009 i ein VM-kvalifiseringskamp mot San Marino. Han var med i Slovakia sin tropp til fotball-VM i 2010, der han spelte i alle Slovakia sine fire kampar, som innbytar i dei to første gruppekampane, og frå start i den siste gruppekampen og åttandedelsfinalen.

Kategori:Slovakiske fotballspelarar Kategori:Fenerbahçe-spelarar Kategori:Chelsea-spelarar Kategori:Twente-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016