Jean-Max Bellerive () er ein haitisk politikar som var statsminister i Haiti frå 2009 til 2011.

Den haitiske presidenten, René Préval, nominerte etter ordre frå senatet Bellerive til å erstatte tidlegare statsminister Michèle Pierre-Louis 30. oktober 2009. Dagen før stemde 18 av dei 29 senatorane i Senatet for å avsetje Pierre-Louis etter skuldingar om for dårlege resultat i leiinga av den økonomiske utviklinga i Haiti, ettersom ho òg var finansminister.

Bellerive er gift, og er far til to jenter. Som son av ein framståande lege forlét han heimlandet i svært ung alder for å studere i Sveits, Frankrike og Belgia. Han er utdanna innan statsvitskap og internasjonal politikk, og flytta tilbake til Haiti i 1986, rett før diktatoren Jean-Claude Duvalier vart styrta.

Kjelder «Jean-Max Bellerive» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 28. april 2010.

Kategori:Haitiske politikarar Kategori:Haitiske statsministrar Kategori:Folk frå Port-au-Prince