mini|500px|Dei første tolv taktane av den tredje satsen Fiolinkonsert i a-moll, BWV 1041, vart komponert av Johann Sebastian Bach i 1748.
Hoffet til den unge prins Leopold ved Köthen vart det nest siste steget i den profesjonelle karrieren til Bach frå organist ved Arnstadt i 1703, til kantor ved Leipzig, frå 1723 til han døydde. Han hadde vore Konzertmeister ved Weimar (1708-1717) før han vart tilsett som Kapellmeister i Köthen, der han var i seks år. Her skreiv han mykje instrumental musikk (og lite kyrkjemusikk), men det meste av dette har gått tapt. Av dei som finst att er Brandenburgkonsertane og tre andre konsertar for solofiolin, mellom anna konserten i a-moll.
Struktur og analyse Stykket har tre satsar:
Allegro moderato Andante — med eit tema i ostinatostil. Allegro assai
Motiva i temaet i Allegro moderato dukkar opp i forskjellige kombinasjonar og er fråskilde og intensivert gjennom satsen.
I Andante nyttar Bach eit pågåande mønster i bassdelen som vert gjenteke heile vegen i satsen. Han fokuserer på variasjon i dei harmoniske forholda.
I den siste satsen støttar Bach seg til bariolage-figurar for å skape slåande akustiske effektar.
Transkripsjon
Klaverkonsert i g-moll, BWV 1058, er eit arrangement av denne konserten for piano eller cembalo.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Fiolinkonsert i a-moll av Bach» frå , den 27. april 2010. oppgav desse kjeldene:
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Konsertar av Johann Sebastian Bach Bach Fiolinkonsert i a-moll
de:Violinkonzerte (Bach)#Violinkonzert a-Moll BWV 1041