Osmington Mills er ein landsby på kysten mellom Ringstead Bay (i aust) og byen Weymouth (i vest) i Dorset i England. Han ligg i kommunen Osmington.
Landsbyen er ein populær turiststad med mange feriefasilitetar (mellom anna campingplass) og ein pub som har eksistert sidan 1200-talet. Det går turstiar frå landsbyen til Weymouth og Ringstead Bay.
Kystlinja her er ein del av Jurassic Coast i Dorset og det finst mange fossil i klippene her. I vest ligg Black Head og bortanfor det Redcliff Point, der det er gjort fossilfunn.
Området rundt Osmington Mills og Osmington Bay vart målt av den engelske landskapsmålaren John Constable tidleg på 1800-talet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Osmington Mills» frå , den 9. januar 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Landsbyar i Dorset