Johan Ulrik Olsen (), mest kjend som Ulrik Olsen, var ein norsk politikar fødd på Hitra som representerte Arbeiderpartiet. Han var blant anna kjend som stortingsrepresentant gjennom 27 år, og som statsråd i tre regjeringer. Han var utdanna snikkar.
Olsen starta den politiske karrieren som kommunepolitikar i Kristiansund. Han blei innvald i bystyret første gong i 1913 og hadde bystyre- og formannskapsverv fram til 1951. Han var ordførar i byen mellom 1934-1940 og 1945-1947. I 1934 blei han første gong vald inn på Stortinget. Han blei først vald inn som representant for kjøpstadane i Møre og Romsdal, frå 1954 blei han vald inn frå Møre og Romsdal fylke. Han gjekk ut av Stortinget etter valet i 1961. Som stortingspolitikar var han blant anna formann i Kommunalkomiteen 1945-1948.
Olsen var saksordførar då Stortinget handsama opprettinga av Kommunal- og arbeidsdepartementet, men var ikkje opphavleg ein av kandidatane då Einar Gerhardsen skulle finne den første til stillinga. Det var først då Ulrik Olsen sjølv gav uttrykk for at han kunne tenke seg jobben, at Gerhardsen og personane statsministeren rådførte seg med, fann ut at Olsen burde få tilbodet.Gerhardsen, Einar: Samarbeid og strid, side 287
Ulrik Olsen sat som kommunal- og arbeidsminister i nesten 10 år, frå 20. desember 1948 til 1. september 1958, og var såleis ein del av Einar Gerhardsen si andre regjering, Oscar Torp si regjering og Einar Gerhardsen si tredje regjering.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske kommunalministrar Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Gerhardsen II Kategori:Statsrådar i Regjeringa Torp Kategori:Statsrådar i Regjeringa Gerhardsen III Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre-byane Kategori:Ordførarar i Kristiansund Kategori:Ap-ordførarar i Møre og Romsdal Kategori:Folk frå Hitra Kategori:Folk frå Kristiansund Kategori:Ap-politikarar i Møre og Romsdal