Vanylven er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Han grensar i nord (over Rovdefjorden) til Sande og Herøy, i aust mot Volda kommune, i sør mot Stad kommune.

Vanylven lokalt er delt opp i seks forskjellege bygder. Eidså, Fiskå, Åram, Rovde, Åheim og Syvde.

Fiskå er kommunesenteret og er den einaste tettstaden i kommunen etter SSB sin definisjon, med 504 innbyggjarar per 1. januar 2020. I sentrumskjerna ligg Combisenteret som dekkjer apotek, daglegvarehandel og legesenter.

Historie Vanylven er vorten kalla «Solsikkelandet» etter at kommunen vann solsikkekonkurransen til Innovasjon Norge i 2004.

År 2000-markeringa Kommunen har ikkje eigen tusenårsstad, men det blei planta ein del tusenårstre i regi av skolar, bygdelag og 4H. Trea er plassert rundt omkring i kommunen, t.d. ved kommunesenteret i Fiskå, ved dei ulike skolane og ved nokre forsamlingshus.

Kjende personar frå Vanylven Anders Frihagen (1892–1979), statsråd Mathias Skaar (1869–1944), fiskar og politikar Bjarne Ulvestad (1922–2004), språkvitar og professor (Syvde) Jostein Krokvik (1927–2007), forfattar og tannlækjar Marie Lovise Widnes (f. 1930), diktar, forfattar, kåsør, songar, politikar og husmor Jon Aasen (f. 1951), fylkesordførar Øystein Vidnes (f. 1976), forfattar Hilde Myklebust (f. 1979), forfattar Maria Parr (f. 1981), barnebokforfattar

Galleri

Kjelder

Vanylven kommune

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sunnmøre Kategori:Kommunar i Møre og Romsdal