The Legend of Zelda er eit action-eventyrspel utvikla og gjeve ut av Nintendo, første gong på Nintendo Entertainment System. Spelet det første i The Legend of Zelda-serien. Det vart gjeve ut i japan som ein lanseringstittel for Famicom Disk System-eininga i 1986, og på spelekassett for Nintendo Entertainment System i Nord-Amerika og Europa året etter. Spelet har seinare blitt gjeve ut på Game Boy Advance som ein del av NES Classics-serien, på Nintendo GameCube i samlepakken The Legend of Zelda: Collectors Edition og som ei digital nedlasting via Virtual Console på Wii.

Spelet finn stad i fantasiverda Hyrule der spelaren følgjer helten Link. Han skal frigjera prinsessa Zelda frå hovudfienden Ganon ved å samla åtte stykke av ein magisk relikvie.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Action-eventyrspel Kategori:Dataspel frå 1986 Kategori:Game Boy Advance-spel Kategori:Nintendo Entertainment System-spel Kategori:Nintendo Entertainment Analysis and Development-spel Legend of Zelda Kategori:Virtual Console-spel