Golica (tysk Kahlkogel) er eit fjell vest i Karavankane på grensa mellom Slovenia og Austerrike, oppfor den slovenske byen Jesenice. Fjellet er kjend for engene med kvite narsissar som blømer i april og tidleg i mai. Dette markerer starten på turistsesongen på fjellet som varer til slutten av sommaren.Slovensk turiststyre Fjellsidene gjev flott utsyn mot Dei juliske Alpane og austerrikske Kärnten. På klåre dagar kan ein sjå Ljubljana-bekkenet frå toppen.
Golica er òg kjend frå polkasongen til Slavko Avsenik frå 1953, «Na Golici», kanskje den mest kjende songen til orkesteret.
250 meter nedanfor toppen står ei fjellhytte, 1582 meter over havet, med 40 soveplassar. Den opphavlege hytta, samt ei anna hytte på toppen, vart brend ned under den andre verdskrigen av partisanar for å hindre at tyske soldatar skulle nytte dei. Hytta på toppen vart aldri bygd opp att.Jesenice Mountaineering Association
Fjellsidene på Golica vert i dag nytta til beite for sau.
Beste tilkomst til toppen er frå Jesenice via fjellandsbyen Planina pod Golico.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Golica» frå , den 21. april 2009. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Golica på Hribi.net
Kategori:Fjell i Slovenia Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike