Ålfoten kyrkje står i bygda Ålfoten i Bremanger kommune i Vestland, og er ei lafta langkyrkje frå 1600-talet.
Eksakt kva år kyrkja vart sett opp har ein ikkje heilt sikre opplysningar om. 300-årsjubileet vart feira i 1978, men ikkje lenge etter vart det lagt fram opplysningar som gjorde at ein no meiner kyrkja er frå 1610.
Kyrkja er soknekyrkje i Ålfoten sokn i Nordfjord prosti. Sokna Davik, Rugsund og Ålfoten høyrde til Eid prestegjeld til 1740. Dei vart då skilde ut som Davik prestegjeld. Det har vore kyrkje i Ålfoten sidan mellomalderen. Det tidlegaste Ålfotkyrkja er nemnd i kjeldene er 1348. Kyrkja som då stod var truleg ei stavkyrkje frå 1200-talet.
Kjelder
«Trangt under taket i Ålfot-kyrkja» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Ålfoten sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Bremanger kommune på nettstaden disnorge.no
Kategori:Kyrkjer i Bremanger Kategori:Kyrkjer i Nordfjord prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1600-talet Kategori:Kulturminne i Bremanger