Helgheim kyrkje er ei langkyrkje i nygotisk stil frå 1877 i Sunnfjord kommune i Vestland.

mini|venstre|Helgheim kyrkje fotografert ca. 1890. Kyrkja ligg i bygda Helgheim, ved den nordre breidda av Jølstravatnet. Europaveg 39/Riksveg 5 går like oppom kyrkja. Bygget er i tre og har 500 sitjeplassar og galleri.

Kyrkja er soknekyrkje i Helgheim sokn i Sunnfjord prosti.

Det er nemnd kyrkje på Helgheim i eit visitatvarsel frå 1322, og ein meiner det har vore kyrkje der frå attende på 1200-talet. Ei gamal altertavle som er datert 1667, og ein preikestol frå 1666 som er frå Helgheim-kyrkja vart i 1904 overført til Bergen Museum.

Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane

Kjelder Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Helgheim kyrkje» på netttaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon: «Helgheim kyrkje»

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Om Helgheim kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja Bilete av Helgheim kyrkje på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen/Digitalarkivet Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Jølster kommune på nettstaden disnorge.no Eldre fotografi av Helgheim kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket

Kategori:Kyrkjer i Sunnfjord Kategori:Kyrkjer i Sunnfjord prosti Kategori:Jacob Wilhelm Nordan Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1870-åra Kategori:Kulturminne i Sunnfjord Kategori:1877 i Noreg