mini|Pjasinabukta med dei mange øyane.

Pjasinabukta (russisk Пясинский залив, Pjasinskij Zaliv) er ei bukt ved munningen av elva Pjasina i Karahavet. Ho grenser i vest til Kamjennijeøyane og i nordaust til Mininaskjera.

Pjasinabukta er omgjeven av tundrakyst. Det ligg mange øyar og øygrupper i bukta som Zverobojøyane (Zapadnij, Malij, Severnij), dei vesle Trioøyane og Ptitsjiøyane og Labryintovijeøyane.

Området har eit særs hardt klima med lange og bitre vintrar. Bukta er derfor islagd ni månader av året og sjølv på sommaren er det mange isflak i bukta.

Pjasinabukta vart utforska av baron Eduard von Toll på den siste ferda hans under den russiske arktiske ekspedisjonen i 1900-1903.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pyasino Gulf» frå , den 13. juli 2008. oppgav desse kjeldene: William Barr, The Last Journey of Peter Tessem og Paul Knutsen, 1919. William Barr, Baron Eduard von Toll’s Last Expedition.

Kategori:Bukter i Russland Kategori:Bukter i Nordishavet Kategori:Krasnojarsk kraj Kategori:Karahavet