Weißer Stein er eit lite fjell i Odenwald i Tyskland på 548 meter over havet, nord for Heidelberg og aust for Dossenheim.

På Weißer Stein står det eit 20 meter høgt utkikkstårn, som vart bygd i 1906. I godt vêr kan ein sjå andre høge fjell i Odenwald, som Melibokus, Katzenbuckel, Tromm og Neunkircher Höhe. Nær tårnet ligg vertshuset Höhengaststätte Weißer Stein med utservering.

Eit 108 meter høgt radiotårn frå Deutsche Telekom AG står òg på fjellet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Weißer Stein (Odenwald)» frå , den 6. juni 2007.

Bakgrunnsstoff Tårnet på Weißer Stein

Kategori:Fjell i Tyskland