Helgelandsbrua er ei 1065 meter lang skråstagbru som knyter saman kommunane Alstahaug og Leirfjord i Nordland. Brua kryssar Leirfjorden mellom fastlandet og øya Alsten og er ein del av Fylkesveg 17.

Helgelandsbrua vart opna i juli 1991 og var bomveg til ho var nedbetalt 27. mai 2005.

Konstruksjonen Brua har i alt 12 spenn; hovudspennet er på 425 m. Seglingshøgda er 45 m.

Brua er ei rein betongbru. Alle pilarane er bygde med klatreforskaling.

Brubanen er slank i horisontalplanet, berre 40cm i tjukna på midten og 1,2m i ytterkantene. For kvart kabelfeste går det i tillegg bjelkar på tvers under brubanen.

Kablane er festa til ytterkanten av brubanen. Forankringane til kablane ligg i eit prefabrikert element som igjen er støypt inn i betongen på undersida av overbygningen.

Hovudtårna er 138 m og 127 m høge frå havoverflata og til toppen. I tillegg er det nordlegaste tårnet fundamentert ned til ei djupn på 30 m under havoverflata.

Tårna er 6m brei sett frå sida av brua og 2,2 m på det smalaste, sett på tvers av brua.

Brua fekk 1994 utmerkinga «FIP - outstanding structures».

Kjelder

Bakgrunnsstoff AAS-JACOBSEN AS om Helgelandsbrua Structurae om Helgelandsbrua

Kategori:Vegbruer i Nordland Kategori:Vegar i Alstahaug Kategori:Vegar i Leirfjord Kategori:Fylkesveg 17 Kategori:Skråstagbruer Kategori:Bruer opna i 1991 Kategori:1991 i Noreg