Einar Niemi () er ein norsk historikar og professor ved UiT Noregs arktiske universitet.
Niemi er fødd i Nord-Varanger og vaksen opp i Vadsø. Han vart utdanna cand.philol. ved Universitetet i Oslo i 1972. Niemi var lektor ved Vadsø gymnas (1972-75), amanuensis i historie ved Universitetet i Tromsø (1975-77) og seinare professor (1989-) og styremedlem, og var fylkeskonservator i Finnmark (1977-89). Han har publisert arbeid innan migrasjons-historie, minoritets- og etnisitet-historie og regionalisme rundt Nordkalotten; sjå òg pomorhandel. I 2003 vart Niemi kjent for å ha funne opphavet til omgrepet «Nord-Noreg».
Utgjevingar Et utdrag av hans publisering: Trekk fra Nord-Norges historie, hovudforfattar, 1976 Den finske fare. Sikkerhetsproblemer og minoritetspolitikk i nord 1860-1940, med Knut Einar Eriksen, 1981 Vadsøs historie, 1983 Norsk innvandrerhistorie, to bind. 2003
Utmerkingar Brageprisen 2003, for Norsk innvandringshistorie Gad Rausings pris, for framstående forskergjerning, Det Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien
Kategori:Norske historikarar Kategori:Samisk kultur Kategori:Folk frå Vadsø Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Professorar ved UiT Noregs arktiske universitet