High Museum of Art (også kjent som The High) er det største museet for biletkunst i Søraust-USA. High ligg i Atlanta i Georgia (ved Peachtree Street i Midtown, kulturdistriktet i byen), og er ein del av Woodruff Arts Center.
The High organiserer og presenterer utstillingar av internasjonal og nasjonal tyding saman i tillegg til si eiga omfattande samling av meir enn kunstverk, og er særleg kjent for amerikansk dekorativ kunst, folke- og sjølvlært kunst, moderne og samtidskunst og fotografi frå 1800- og 1900-talet. Det har vore eit kulturelt senter i Atlanta sidan 1905, og har husa festivalar, framsyningar, offentlege samtalar, synt fram kunstfilmar og hatt pedagogiske program året rundt. Det har òg eigne rom for born i alle aldrar, ein serveringsstad og ein museumsbutikk.
Historie venstre|mini|Retracings, eit digitalt gjennomsiktig verk frå 1999 av Deanna Sirlin. høgre|mini|Ein del av den nye delen av High teikna av Renzo Piano. venstre|mini|John Singer Sargent, Ralph Curtis on the Beach in Scheveningen, 1880 høgre|mini|Skulptur av Auguste Rodin, The Shade, 1880-81, som dei franske styresmaktene donerte til museet til minne om offera for ei flyulykke under ei reise til Paris sponsa av museet. Museet blei grunnlagt i 1905 som Atlanta Art Association. I 1926 gav familien High, som museet er oppkalla etter, frå seg huset sitt på Peachtree Street til å husa samlinga etter ei serie utstillingar som involverte Grand Central Art Galleries og var organiserte av samlaren J.J. Haverty frå Atlanta. Mange stykke frå samlinga til Haverty er no på permanent framsyning i High. Det blei bygd ein eigen bygning til museet ved sidan av familiehuset i 1955.
Den 3. juni 1962 døydde 106 kunstinteresserte frå Atlanta i ei flyulykke på Orly-flyplassen i Paris medan dei var på ei reise støtta av museet. Med besetninga og andre passasjerar blei totalt 130 menneske drepne i det som på den tida var den verste flykatastrofen i historia. Medlemmar av framståande familiar i Atlanta omlom, mellom anna medlemmar av Berry-familien, som grunnla Berry College. Under besøket i Paris hadde kunstelskarane frå Atlanta sett Whistler's Mother ved Louvre. Hausten 1962 sende Louvre, som ein gest til folket i Atlanta, dette verket til Atlanta for å bli stilt ut ved Atlanta Art Association sitt museum ved Peachtree Street.
Til ære for dei som blei drepne i ulukka blei Atlanta Memorial Arts Center bygd for High. Dei franske styresmaktene donerte ein skulptur av Rodin, The Shade, til High tik minne om offera for ulukka.
Arkitektur I 1983 opna ein spesialutforma museumsbygning på 12500 m² som var utforma av Richard Meier. Meier vann Pritzkerprisen 1984 for bygningen. Meier-bygningen var finansiert av ei tildeling (challenge grant) på 7,9 millionar dollar frå den tidlegare leiaren for Coca-Cola, Robert W. Woodruff, i lag med 20 millionar dollar samla inn av museet. Bygningen har rundt 4800 m² golvflate med galleri.
I 2005 utforma Renzo Piano tre nye bygningar som meir enn dobla storleiken på museet til 29 000 m², med ein kostnad på 124 millionar dollar. Piano-bygningane blei utvikla som del av ei overordna oppgradering av heile Woodruff Arts Center-komplekset. Dei tre nye bygningane er kledde i aluminiumpanel for å harmonisera med den opphavlege kvite emaljefasaden til Meier. Piano sitt design for den nye Wieland Pavilion og Anne Cox Chambers Wing har eit spesielt taksystem med 1000 lysfangarar som fangar lyset frå nord og filtrerer det inn i skyway-galleria.
I 2018 henta museet inn arkitektfirmaet til Annabelle Selldorf i New York for å designa ein samanhengjande gjeninstallasjon i både Meier- og Pianobygningane. Arbeidet omfatta eit nytt system for galleriorganisering, lyssystem og utstillingsdekor for å skapa ein meir integrert serie av opplevingar gjennom dei ulike kuratoriske avdelingane av museet.
Samlingar mini|Inne frå High. Den permanente samlinga til High Museum of Art omfattar meir enn 18 000 kunstverk over sju samlingsområde: Afrikansk kunst, amerikansk kunst, dekorativ kunst og design, europeisk kunst, folke- og sjølvlært kunst, moderne og samtidskunst og fotografi. Over ein tredjedel av samlinga blei kjøpt etter at museet kunngjorde planer om utbygging i 1999. Høgdepunkt i samlinga er verk av Giovanni Battista Tiepolo, Claude Monet, Martin Johnson Heade, Dorothea Lange, Clarence John Laughlin og Chuck Close.
Afrikansk kunst High har ei samling av afrikansk kunst og verk av afroamerikanske kunstnarar som legg vekt på dei kulturelle banda over Atlanterhavet og vidare. Samlinga inneheld verk frå antikken til moderne tid.
Kjernen av den afrikanske samlinga inneheld ekstraordinære døme på masker og figurative skulpturar, berika av fine tekstilar, perlearbeid, metallarbeid og keramikk. Antikvitetane omfattar ein animert terrakottaskulptur av ein kvinneleg torso vikla inn i slangar (ca. 1200-1500). Dette arbeidet er frå området kring Djenné, ein av dei eldste byane i Afrika, og representerer Sogolon, mor til grunnleggjaren av Maliriket, Sundiata. Saman med dette verket representerer ein Koran frå ca. 1600 frå Timbuktu, systerbyen til Djenné, kunst frå Maliriket, eit av dei største og viktigaste kongerika verda nokon gong har kjent.
Amerikansk kunst Samlinga av amerikansk kunst ved museet omfattar meir enn 1200 måleri, skulpturar, teikningar og trykk utført av amerikanske kunstnarar mellom 1780 og 1980. Samlinga er særleg sterk innan historisk amerikansk skulptur og måleri, og syner utviklinga av eit klart amerikansk synspunkt innan kunstnerisk representasjon.
1800-talssamlinga til museet inneheld døme frå tidleg amerikansk portrettkunst til den såkalla Gilded Age, med verk av John Singleton Copley, Benjamin West, Eastman Johnson, Sanford Robinson Gifford, Frederick Kensett, John Henry Twachtman, Harriet Hosmer, Edmonia Lewis, Henry Ossawa Tanner, Mary Cassatt og John Singer Sargent. High har òg verk av dei mest progressive kunstnarane i USA i moderne tid, frå Stieglitz Circle og abstrakte målarar til kunstnarar som tek opp sosial rettferd og reformer og vidare til dei med rot i den amerikanske kunstscena.
Dekorativ kunst og design Den dekorative kunst og design-samlinga tek for seg sambandet mellom funksjon og estetikk innan form, materiale, prosess, stad og intensjon. Ho omfattar den kjende Virginia Carroll Crawford Collection, som er den mest omfattande samlinga av amerikansk dekorative kunst frå 1800- og tidleg 1900-tal i Søraust-USA. Samlinga inneheld viktige verk av Alexander Roux, Herter Brothers, Tiffany & Co. og Frank Lloyd Wright. Andre viktige gåver inkluderer Frances og Emory Cocke Collection of English Ceramics from 1640 to 1840.
Europeisk kunst mini|Haust på Seine, Argenteuil av Claude Monet, 1873 Samlinga representerer sju hundreår av europeisk kunsthistorie. High har over 1000 måleri, skulpturar og verk på papir frå 1300-talet til og med 1900-talet, og følgjer utviklinga av religion, vitskap og sosiale endringar gjennom linsa til den visuelle kulturen frå verdsdelen.
I 1958 gav Samuel H. Kress Foundation det som skulle bli kjerna i den europeiske kunstsamlinga til High som gåve. Kress-samlinga inkluderer Madonna og barnet av Giovanni Bellini, Prudence and Temperance av Vittore Carpaccio og andre kunstverk frå renessansen og barokken i Europa. Siden har den europeiske samlinga til High voks til å representere dei fleste større kunstrørslene og stilane frå verdsdelen, som illustrert av måleri og skulpturar av slike meistrar som Nicolas Tournier, Guercino (Jesus og den samaritanske kvinna ved brønnen), Jan Breughel den eldre, Giovanni Battista Tiepolo, Charles-Joseph Natoire, Anne-Louis Girodet-Trioson (Gravferda til Atala), Camille Corot, Jean-Joseph Carriès (Sovande faun) og Auguste Rodin (Evig vår).
I dag er den europeiske samlinga særleg rik på franske impresjonistiske og post-impresjonistiske måleri, mange av dei gjevne som gåve i 2019 av samlarane i Atlanta Doris og Shouky Shaheen. Samlinga omfattar Haust på Seinen, Argenteuil, av Claude Monet frå 1873, eit sjeldant havlandskap av Frédéric Bazille, Kvinne ved piano av Henri Matisse og måleri av Eugène Boudin, Camille Pissarro, Alfred Sisley, Pierre-Auguste Renoir, Henri Fantin-Latour, Émile Bernard, Édouard Vuillard og andre.
Folkekunst og sjølvlært kunst High Museum byrja å samla verk av levande sjølvlærte kunstnarar i 1975, og var det fyrste allmenne museet som oppretta eit særdepartement for folke- og sjølvlært kunst i 1994. Denne samlinga er særleg rik på kunstverk av sørstats- og afroamerikanske kunstnarar, og har dei største samlingane av verk av Bill Traylor, Howard Finster, Nellie Mae Rowe og Thornton Dial av noko museum.
Moderne og samtidskunst Moderne og samtidskunst ved museet inkluderer framståande døme på verk av viktige kunstnarar, dei som nettopp har gått inn i kanonen og framveksande kunstnarar. Samlinga har fleire verk av kunstnarar som Radcliffe Bailey, Alex Katz og Ellsworth Kelly, og ei veksande samling av viktige individuelle verk av kunstnarar som Michaël Borremans, Alfredo Jaar, Anish Kapoor, KAWS, Julie Mehretu, Judy Pfaff, Sarah Sze og Kara Walker.
Fotografi High byrja å samla fotografi på byrjinga av 1970-talet, som eit av dei fyrste musea som vigde seg til dette mediumet. I dag er avdelinga for fotografi eit av dei fremste programma i landet og med rundt fotografi er ho den største samlinga i museet.
Den fotografiske samlinga har ei sterkt grunnlag av bilde som har samband med den sørlege delen av USA, og plasserer desse verka i ein global kontekst som er både regionalt relevant og internasjonalt viktig. High eig ei av dei største samlingane av fotografi av den amerikanske borgarrettsrørsla, og har nokre av dei sterkaste monografiske samlingar av fotografi i landet, frå Eugene Atget, Dawoud Bey, Isla Bing, Wynn Bullock, Lucinda Bunnen, Harry Callahan, William Christenberry, Walker Evans, Leonard Freed, Evelyn Hofer, Clarence John Laughlin, Abelardo Morell og Peter Sekaer.
Leiarskap Frå 1963 var Gudmund Vigtel direktør for High i 28 år, og leia omvandlinga frå ein regional institusjon i ein enkel mursteinbygning til eit leiande museum i USA som flytta til ein spesiallaga bygning utforma av Richard Meier. Under Vigtel sin leiarskap frå 1963 til 1991, blei storleiken på den permanente samlinga til museet tredobla, det blei oppretta fond for over 15 millionar dollar, driftsbudsjettet auka frå til 9 millionar dollar, og personellet auka frå fire til 150. Ned Rifkin var direktør for museet mellom 1991 og 2000. Under leiarskapen til Michael E. Shapiro mellom 2000 og 2014 auka museet talet på gjenstandar i den permanente samlinga til nesten det dobbelte, og skaffa viktige måleri av 1800- og 1900-talet og samtidskunstnarar. I juli 2015 kunngjorde High kunstmuseum at det hadde valt Randall Suffolk til å bli den nye leiaren, og han byrja i stillinga i november 2015. Under leiinga hans auka mangfaldet til publikum ved High: Talet på ikkje-kvite vitjande blei meir enn tredobla frå 2015 til 2020, og rundt 60 prosent av publikum i High i tal frå 2022 var under 35 år, utan å telja med skulegrupper.
På film og fjernsyn High er blitt synt i fleire populære filmar og TV-seriar, mellom anna The Resident (som Chastain Park Memorial Hospital), What to Expect When You're Expecting, The Falcon and the Winter Soldier (som Smithsonian National Air and Space Museum), Manhunter (som Lecktor sitt fengsel), Black Panther (som Museum of Great Britain), The Divergent Series: Insurgent, Red Band Society og Allegiant (som det tidlegare Erudite Headquarters).
Utstillingar mini|Skilt for Annie Leibovitz-utstillinga ved museet. mini|High under utstillinga Picasso to Warhol.
Utvalde utstillingar
oktober 2007–september 2008: Louvre Atlanta: The Louvre and the Ancient World oktober 2007–mai 2008: Louvre Atlanta: Eye of Josephine desember 2007–august 2008: Street Life: American Photographs form the 1960s and 70s mai 2008–august 2008: Young Americans: Photographs by Sheila Pree Bright