Christian Gottfried Reinhardt () var ein dansk-norsk hærmann som representerte Nordre Bergenhus på stortinga 1854 og 1857-58.

Reinhardt var son til ein oberstløytnant og fødd og oppvaksen i Danmark. Han vart offiser i 1818 og forfremja til premierløytnant i 1829. Frå 1839 til 1864 var han kaptein i Bergenske brigade, busett i Lavik i Sogn. Han var stortingsmann for Nordre Bergenhus amt i 1854, medlem i Militærkomiteen. Valkrinsen syrgde for at han vart attvald og møtte på Stortinget 1857 og omframtstortinget 1858. Han var då medlem av Lagtinget både i 1857 og 1858, og elles Militærkomiteen i 1857 og Valkomiteen i 1858.

Reinhardt døydde på «Sven» i Sunnfjord.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar for Sogn og Fjordane Kategori:Norske offiserar