Kamanneh eller Kamane (arabisk كمانه, hebraisk skrift ) er ein beduinlandsby i Misgav regionale kommune i Israel. Han vart til då Suweid (Aust-Kammaneh) og Kamun (Vest-Kammaneh) og den nye landsbyen bestod av seks nabolag. Han ligg ved Har Kamun nord for den israelsk-arabiske byen Sakhnin. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå hadde landsbyen 1 100 innbyggjarar i 2005.

Historie Kamanneh vart grunnlagd tidleg på 1800-talet då Negev-beduinar byrja å lage permanente busetjingar i Galilea. Suweid-stammen, som var ei av dei første beduinstammene som slo seg ned i regionen i eit område på toppen av Kamun og dei kalla staden Kamanneh. Som dei fleste arabarane i Galielea lever dei av jordbruk.

I 1963 erkærte israelske styresmakter området som militært treningsområde, og innbyggjarane stod i fare for å bli råka av villfarne kuler eller granatar. To år seinare vart landsbyen erklært «ikkje-anerkjent». I 1995 vart Kamanneh offisielt anerkjent av staten og vart ein del av Misgav regionale kommune.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kamanneh» frå , den 18. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Historia til Kamanneh

Kategori:Arabiske landsbyar i Israel Kategori:Misgav regionale kommune Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel