Mi'ilya (arabisk معليا, hebraisk מִעִלְיָא) er ein arabisk lokal kommune vest i Galilea i Nord distrikt i Israel. Namnet i tida under kongedømet Jerusalem i Galilea var Castellum Regis. Alle innbyggjarane er kristne. Mi'ilya ligg like nordvest for byen Ma'alot-Tarshiha.
Historie Tidleg historie Arkeologiske utgravingar i Mi'ilya indikerer at staden har vore busett sidan seint i bronsealderen og jernalderen, i tillegg til hellenistisk, romersk, bysantinsk, krossfarar, mamelukkane og osmansk tid.Porat, 2009, Mi‘ilya, the Church Square Preliminary Report
Mellomalderen Kongeborga mini|Kongeborga i 2009. Kongeborga i Mi'ilya er datert til minst 1160, då kong Balduin III av Jerusalem gav ho til ein Johannes frå Haifa og arvingane hans. I 1182 gav Balduin IV henne til onkelen Jocelyn III. På denne tida vart ho kalla «Den nye borga i Akkofjella». I 1187 fall borga til Saladin. Seinare, tidleg på 1200, gjekk ho over til Den tyske riddarordenen, men på denne tida var Montfortborga langt viktigare.Pringle, 1998, s. 30
Den arabiske geografen Al-Dimashqi skreiv om den «fine borga», og den behagelege dalen i nærleiken, der det voks store pærer og sitronar.leStrange, 1890, s.495
Osmansk tid I 1596 var Mi'ilya oppført i osmanske skattelister som ein del av Akka nahiya i Safad liwa. Han hadde eit folketal på 15 muslimske og to kristne hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, oliven og geiter eller bikubar.
I 1881 vart Mi'ilya skildra som ein stor og velbygd landsby i stein, med 450 kristne innbyggjarar, omgjeve av oliven og dyrkbar mark.Conder and Kitchener, 1881, s.149
Mandatperioden Under folketeljinga i Palestina i 1931, hadde Mi'ilya 138 busette hus og eit folketal på 553 kristne, 25 muslimar og ein drusar. I 1945 hadde dette auka til 790 kristne og 110 muslimar.Government of Palestina, Village Statistics 1945.
Staten Israel Tidleg i 1948 leid landsbyen av matmangel og trakassering frå kringliggande jødiske område. Han vart erobra av det israelske forsvaret under Operasjon Hiram i slutten av oktober. Etter ein kort kamp flykta dei fleste innbyggjarane til landsbygda. Dagen etter lét den lokale israelske kommandanten dei få lov å kome heim att til heimane sine. Dette var eit av få tilfelle der innbyggjarane fekk lov til å kome attende til landsbyen dei hadde forlate.Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s. 228 I januar 1949 vart landsbybuarane frå Mi'ilya drivne ut og til Jenin. Dei klaga over at dei vart rana av israelske soldatar medan dei vart deporterte. Departementet for minoritetssaker rapporterte at 25 innbyggjarar vart forviste i mars etter mistanke om å ha gjeve informasjon til fienden.Morris. s.352 Mi'ilya fekk status som lokal kommune i 1957. Den arabiske folkesetnaden vart verande under unntakstilstand fram til 1966.
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Mi'ilya» frå , den 31. januar 2015. oppgav desse kjeldene:
Abu-‘Uqsa, Hanaa (2005): Mi‘ilya Final Report Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys in Israel, No. 117. Conder, Claude Reignier og H.H. Kitchener (1881): The Survey of Western Palestine: memoirs of the topography, orography, hydrography, and archeology. London: Committee of the Palestine Exploration Fund. vol 1
, London, Porat, Leea (2009): Mi‘ilya, the Church Square Preliminary Report Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys in Israel, No. 121.
Smithline, Howard (2008): Mi‘iliya Final Report Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys in Israel, No. 120.
Bakgrunnsstoff Mi'ilya
Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Arabiske stader i Israel Kategori:Arabiske kristne busetnader i Israel Kategori:Tyske riddarorden-borger Kategori:Lokale kommunar i Nord-distriktet i Israel