Congerbreen er ein isbre som ligg 10 km aust for Glenzerbreen, og som flyt nord til austlege delen av Shackletonisen. Han vart kartlagd av G.D. Blodgett (1955) frå flyfoto tekne under U.S. Navy Operasjon Highjump (1946–47). Breen vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter Richard R. Conger, sjefsfotograf under U.S. Navy Operasjon Windmill (1947–48), som assisterte i å opprette astronomiske kontrollstasjonar langs kysten frå Wilhelm II Coast til Budd Coast.

Kjelder

Kategori:Isbrear i Wilkes Land