Jødedommen er den religiøse kulturen åt det jødiske folket. Han er ein av dei først dokumenterte monoteistiske religionane og ein av dei eldste religiøse tradisjonane som framleis blir praktisert utan avbrot. Trusprinsippa og historia åt jødedommen dannar ein hovuddel av grunnstammen i dei andre abrahamittiske religionane, inkludert kristendommen og islam (med dei to utleidde religionane bahá’í og sikhisme). Den hebraiske Bibelen, Tanákh, er såleis òg heilag skrift for dei kristne og blir av dei kalla Det gamle testamentet.
Over dei siste om lag 2500 åra har jødedommen ikkje vore monolittisk i praksis og har ikkje retta seg fullt ut etter noka enkelt sentralisert og allment godteken autoritet eller bindande dogme. Trass i dette har jødedommen i alle sine variasjonar halde seg relativt tru mot ei rad religiøse prinsipp. Det mest sentrale av desse er trua på éin enkelt, allvitande transcendent Gud som skapte universet og fortset å spela ei rolle i det. Etter jødisk tru inngjekk den Gud som skapte verda ei pakt med det jødiske folket og openberra lovane og boda sine åt dei i form av Toráen. Jødisk religiøs og kulturell praksis har utgangspunkt i studiet og utøvinga av desse lovane og boda slik dei blir tolka av dei ulike antikke og moderne autoritetane.
Jødedommen lèt seg ikkje enkelt definere inn i konvensjonelle vestlege kategoriar som religion, etnisitet eller kultur — delvis på grunn av si godt over 3000 år gamle, samanhengande historie. I denne tida har jødane opplevd slaveri, anarkistisk sjølvstyre, teokratisk sjølvstyre, erobring, okkupasjon og eksil. Det jødiske folket har vore i kontakt med, og vorte påverka av, gammalegyptisk, babylonsk, persisk, hellenistisk og romersk kultur såvel som renessansen, opplysningstida (sjå t.d. haskalá) og 1800-talets nasjonalromantikk og nasjonalisme. Ut frå denne bakgrunnen har Daniel Boyarin hevda at “Jewishness disrupts the very categories of identity, because it is not national, not genealogical, not religious, but all of these, in dialectical tension.” («Jødiskheit strid mot sjølve grunnkategorien ‘identitet’ fordi ho ikkje er nasjonal, ikkje genealogisk, ikkje religiøs, men alle desse i dialektisk spenning.»)
Slik sett har dei mange som opp gjennom årtusena har konvertert til jødedommen ikkje berre til teke seg ei tru, men òg ein etnisistet — som det går tydeleg fram av den kanskje mest kjende konverteringa, når Rut i Ruts bok (ein del av både den jødiske Tanákh og det kristne Gamle testamentet) seier åt Na‘omi: «Folket ditt er folket mitt, og Guden din er Guden min!» (Ruts bok, kap. 1, v. 16)
I mange religionar er det vanleg å dra på valfart til spesifikke heilage stader i løpet av året eller livet — jfr. hadj til Mekka i islam og pilegrimsfart til Roma, Jerusalem eller Betlehem i kristendommen). I jødedommen er det tre slike valfartsfestar — pesaḥ (påske), sjabu‘ót (jød. pinse) og sukkót (lauvhyttefesten). Medan Tempelet i Jerusalem stod, drog alle jødar i Israel som det var praktisk mogleg for på valfart til Tempelet for påskeofferet. I dei fleste utgåver av Haggadá sjel pesaḥ, eller haggadáen, seier ein — «Året som kjem, i Jerusalem!»
Det jødiske bøneritualet er kodifisert i ein siddúr (bønebok). Ein bed i utgangspunktet tre gonger dagleg — anten privat eller i synagogen.
Innleiing mini|venstre|Den sjuarma menoraen (lysestaken) vart bruka i Tempelet i Jerusalem og er eit gammalt symbol for jødedommen. mini|Hovudrommet i ein synagoge (eit jødisk gudshus).
Både tradisjonell jødisk tru og dei fleste historisk-kritiske forskarar reknar visse trekk som ulike frå dei andre religiøse kultane som fanst på den tida at jødedommen skilde seg ut som eigen religion. Eitt slikt trekk var monoteismen. Dette trekket var, etter historikaren Yehezkel Kaufman sitt syn, signifikant i og med at jødedommen hevda at Gud skapte — og bryr seg om — menneskja. I polyteistiske religionar rekna ein ofte med at menneska vart skapte ved eit uhell, og at gudane primært er opptekne av forholdet til andre gudar heller enn til menneska.
Eit anna særtrekk er at Toráen spesifiserer at israelittane skal leva etter eit antal bod (613 miṣvót etter rabbanittisk jødedom). Andre trussystem på same tid legg hovudsakleg eller eksklusivt vekt på templa der prestane tilbad gudane sine gjennom ofring. Israelittane hadde òg eit system av tempel, presteskap og offerritual — men desse var ikkje den einaste måten å tena Gud på.
Monoteisme
Bibelkritikarar er ikkje einige om kva tid monoteismen oppstod i jødedommen. Tradisjonelle jødar hevdar at dette er uttrykt direkte i Toráen, der Gud integrerer dette i Dei ti boda:
«Eg er JHVH, guden dykkar, som brakte dykk or landet Egypt, frå slavehuset. Ikkje vere det åt dykk andre gudar føre åsynet mitt. Ikkje gjer åt dykk avgudsstatuar eller kva som helst slags bilete som [representerer noko] i himlane ovanfor eller <som> på jorda nedanfor eller <som> i vatna nedanfor jorda; ikkje bøy dykk åt dei og ikkje ten dei — for eg er JHVH guden dykkar, ein streng gud, gjer vitjing for overgrepa åt fedrar på borna og på tredje og fjerde ættarled åt dei som hatar meg; og gjer godt til tusen [ættarled] til dei som elskar meg og til dei som vaktar boda mine.» (ordrett omsetjing frå 2. mos. 20:2–6 = 5. mos. 5:6–10)
Dette synet blir vidare understreka av det første verset av Sjemà‘ (5. mos 6:4), som kan omsetjast på to måtar: «Høyr, Israel: JHVH er guden vår; JHVH er éin!» «Høyr, Israel: JHVH er guden vår; JHVH åleine!»
Slik er altså trua på Guds eksistens, på Guds æve, på Gud som einaste skapar av alt som finst og på Gud som forfattaren av verdshistoria, sjølve fundamentet i jødedommen som religion. Å vende seg bort frå denne trua er å vende seg bort frå Gud og frå essensen av jødisk tru etter den jødiske forståinga av Dei ti boda. Vidare blir det kravd at ein ikkje skal tru på noko anna enn Gud og Gud åleine. Dermed er tru på eller dyrking av fleire guddommar, ander eller inkarnasjonar forbode etter jødisk tru. Idéen at Gud er ein dualitet eller ei treeinigheit er rekna som eit kjettersk syn og som eit steg mot polyteisme.
Det er òg forbode å «gjera [seg] avgudsstatuar eller [...] bilete som [representerer noko] i himlane ovanfor eller <som> på jorda nedanfor eller <som> i vatna nedanfor jorda; ikkje bøy dykk åt dei og ikkje ten dei». Dette blir i jødedommen sett på som eit totalforbod mot alle skulpturar eller bilete som ein sjølv eller andre kan komma til å bøye seg for og tena, inkludert krusifiks og religiøse ikon og alle måleri eller andre kunstnarverk som representerer Gud. Ein må ikkje bøye seg for eller tena noko anna vesen eller objekt enn Gud åleine.
Praktisk gudsteneste og dei 613 boda Praktisk gudsteneste inkluderer i jødedommen å helge kvardagslivet til det andelege nivået i Tempelet i Jerusalem ved å tena Gud gjennom dei vanlege aktivitetane i dagleglivet. Slik er t.d. matbordet sett på som eit offerbord der ein reinsar seg først (gjennom handvask med tilhøyrande signing) og òg seier signingar føre og etter maten. Ved sanseinntrykk (særleg syn, høyrsel, lukt og smak) finst det særskilde signingar som blir framsagde. Til og med etter toalettbesøk finst det ei eiga signing. Det heiter tradisjonelt at dette er ein viktig del av korleis kvar jøde kan oppnå eit betre liv i ‘Olám habbá (‘verda som kjem’) eller Gan ‘Éden (paradis). Merk likevel at det ikkje finst noko enkelt eller eintydig bilete av livet etter døden i jødedommen, og livet etter døden er heller ikkje eit sentralt område i jødisk tru.
Utviklinga av jødedommen
Religiøst syn
Temaet i Tanákh (Den hebraiske bibelen) er israelittane (òg kalla hebréarane) sitt tilhøve til Gud som det attspeglar seg i historia deira frå den første byrjinga til bygginga av det andre Tempelet i Jerusalem kring 350 fvt. Dette tilhøvet er skildra som problematisk, med israelittane sin indre konflikt mellom trua på Gud og tiltreknaden til andre gudar og med nokre israelittar — særleg Abrahám, Ja‘akób (Jakob; seinare kjend som Jisraél) og Mosjé (Moses) — sin kamp med Gud.
Etter trua i ortodoks jødedom og blant dei fleste tradisjonelle og/eller religiøse jødar, var Abraham den første jøden. Den rabbinske litteraturen hevdar at han var den første til å avvise avgudsdyrking og til å preike for monoteisme. Som løn lova Gud at Abraham skulle få born: “Sjå no til himmels og tel stjernene — om du greier å telja dei;” og [Gud] sa åt honom: “Slik skal han vera, sæden din.” (1. mos. 15:5) Det første barnet til Abraham var Jisjma‘él, og den andre sonen hans var Jiṣ’ḥák (Isak), som Gud sa skulle fortsetja arbeidet åt Abraham og erve landet Israel (då kalla Kena‘an (Kanaan)), etter å ha vorte sendt or landet og berga att. Gud sendte patriarken Ja‘akób og borna hans til Egypt, kor dei vart gjorde til slavar nokre generasjonar seinare. Så sendte Gud Mosjé (Moses) for å berge israelittane frå slaveriet, og etter utgangen or Egypt, leidde Gud dei til Sinaifjellet og gav dei Toráen, for til slutt å føre dei til landet Israel.
Gud sette til oppgåve for etterkommarane av Mosjé sin bror Aharón (Aron) å vera ein kohén (jødisk prest) i det israelittiske samfunnet. Dei tenestegjorde først i Paktteltet, og seinare hadde etterkommarane deira ansvaret for gudstenesta i Tempelet i Jerusjaláim (Jerusalem).
Straks israelittane kom inn i Israel, vart paktteltet sett opp i byen Sjiló og vart verande der i over 300 år medan Gud lét store menn og nokre kvinner forsvara nasjonen mot fiendar som gjekk til åtak på dei — nokre av desse fiendane vart sende som straff for israelittane sine synder. Dette er skildra i Josvas bok og Domarane. Etter som tida gjekk, sokk det andelege nivået åt israelittane så djupt at Gud lèt filistinarane plyndre paktteltet i Sjiló.
Israelsfolket fortalde da profeten Sjemu’él (Samuel) at dei hadde nådd punktet at dei trong å styrast av ein permanent konge på same vis som andre nasjonar, som det er skildra i Samuelsbøkene. Gud visste at dette ikkje var det beste for dei, men gav etter for bønene deira og lét Sjemu’él utnemne Sja’úl (Saul), ein stor men svært audmjuk mann, til å vera kongen deira. Da folket pressa kong Sja’úl til å gå mot ein ordre som Sjemu’él gav honom, bad Gud Sjemu’él om å utnemne Davíd i staden hans.
mini|Vestmuren (òg kalla «Klagemuren») i Jerusalem er alt som er kjent å stå att etter det andre Tempelet. Tempelberget er den aller heilagaste staden i jødedommen.
Med ein gong kong Davíd hadde teke over, fortalde han profeten Natán at han ønskte å byggje eit varig tempel, og som løn for gjerningane hans lova Gud Davíd at han ville lata sonen hans byggje tempelet, og at trona aldri skulle falle or hendene å borna hans. Davíd sjølv kunne ikkje byggje tempelet fordi han hadde vore involvert i mange krigar — noko som gjorde det umogleg for honom å byggje eit tempel som skulle representere fred. Dermed vart det sonen hans, kong Sjelomó I av Israel (Salomo el. Salomon) som kom til å byggje det første permanente Tempelet, etter Guds vilje, i Jerusalem — som det står skrive i Kongebøkene.
Etter at kong Sjelomó døydde, vart kongedømmet hans delt i dei to kongedømma Israel og Jehudá (Juda). Etter fleire hundre år med mykje avgudsdyrking i Nordriket (Israel), lét Gud Assyria leggje Nordriket under seg og sende folket i eksil. Sørriket (Jehudá), som hadde Jerusalem som hovudstad, vart verande under styret åt Davids hus; men, som det òg hadde skjedd i Nordriket, vart det så mykje avgudsdyrking i Sørriket at Gud lét Babylon leggje under seg Jehudá, øydeleggje Tempelet som hadde stått i 410 år og føre folket i eksil i Babylon med løfte om at dei skulle få fridommen sin att etter 70 år. Desse hendingane er skildra i Jesja‘jáhu (Esaias bok) og Jirmejáhu (Jeremias bok).